Ni Liv

Ni Liv er eit countryrockeband frå Bø og Midt-Telemark som spelar Telemarkana servert på Bø-mål. Telemarkana er Ni Livs eigen sjanger. Det betyr amerikansk og norsk folkeleg musikktradisjon i stolt samspel.

Ni Liv starta opp i 2003 som "Jon Solbergs Bygdabilly Band" og noko seinare "Bygdabilly Band". Navnet "Ni Liv" fekk bandet etter ein navnekonkurranse i 2006. Frontfigur Jon Solberg skriv Ni Livs tekstar. Musikken blir laga og arrangert av Ni Liv. I 2005 fekk bandet platekontrakt med Warner Music og har sidan albumdebuten i januar 2006 gjeve ut 5 cd-ar. Albumet Langhelg frå oktober 2011 blei spela inn live i studio i løpet av ei langhelg. Langhelg blei nominert til Spelemannsprisen i countryklassa. Siste plate, Ein Kveld med Ni Liv frå 2013, markerer Ni Livs 10-års-jubileum og er ei konsertplate med 18 låtar frå heile karriera. Med CDen følgjer det ein bonus-DVD der ein kan sjå og høyre konsertopptak av seks låtar frå denne maikvelden på Skogen Gård i Bø. NI LIVS TIDLEGE HISTORIE Det fyrste tida Ein haustkveld i 2002 gjekk 26 år gamle Jon Solberg inn på Bull Inn øvst oppe i Bøgata. Jon var akkurat ferdig med musikkstudier i Trondheim, og var ein tur på besøk hos foreldra sine i Bø i Telemark. Bull Inn er ein brun pub som populært blir kalla ”Stuten”. Den gongen, i 2002, var Ken-Børre Langås dagleg leiar på Stuten. Han styrte butikken og serverte eksotisk øl og brennevin til feststemte bøheringar. Jon var ute i eit anna ærend enn Guinnies og single malt – han ville høre om bassist Langås kunne tenke seg å vera med på ei plate med rockabilly-musikk på Bø-mål. Jon kjente ikkje Ken-Børre så godt, men hadde sett Sømna-bassisten i sving eit par kveldar på Grillen i Bø saman med eit lokalt bluesband. Walkinglinjene til Mr. Langås hadde gjort inntrykk på den rockabilly-frelste og Brian Setzer-inspirerte Bø-musikanten, og Jon var sikker på at Ken-Børre måtte vera rett mann for plateprosjektet: Rockabilly med sjølvskrivne tekstar på dialekt. Langås blei med. Trommeslagar hadde Jon allereie i boks. Så tidleg som sommaren 2001 hadde nemleg ein 16 år gamal flatdøl vore trommevikar i gruppa Bandjon – ein swingkvartett der Jon song og spela Setzer- og Staffan William Olson-licks. I Bandjon spela Sture Kvarv trommer, Tor Eilev Almankås bass, og Arnstein Sunde saksofon. Trommevikaren denne lyse bryllaupskvelden på Lifjell Hotell utanfor Bø var for ung til å ta ein lovleg øl med bandet, og han måtte bringast og hentast av far sin, Oddbjørn Aase, men han var ikkje for ung til å spele sugande trommegroovar. Denne unge og særs lovande karen var sjølvsagt Eivind Aase. Mr. Aase følgde Jons soloar som ein skugge, med heftig pumping, presise fills og ungdommeleg entusiasme. Eivind var med andre ord perfekt for Jons plateprosjekt! På plata ville Jon au ha med piano og litt orgel. Da var det heilt naturleg å ringe studiekompisen frå musikk grunnfag og mellomfag i Oslo, mossingen Terje Meisingset (eller \"Meisen\" blant kjentfolk). Jon møtte Terje fyrste gong da dei begge spela i bandet på ein russerevy på Grefsen i 1998. Terje hadde med seg kaffe på termos og dagens VG. I kvar pause, også inni låtane, blei begge desse medbrakte godene tatt i bruk, og Terje framsto som ein uvanleg roleg og avbalansert type. Så var dei fire musikantane klare for cd-innspeling: Ken-Børre på bass, Eivind på trommer, Terje på tangentar, og Jon på vokal, gitar og banjo. Jon Solbergs Bygdabilly Band Slik gjekk det til at Ni Liv blei stifta – dvs bandet blei stifta. For Ni Liv heitte som kjent ikkje Ni Liv i 2003. Ni Liv heitte Jon Solbergs Bygdabilly Band. Setzer-fantasten Solberg ville spele rockabilly med tekstar på dialekt må vite, og slik oppstod ordet bygdabilly. Ikkje lett å uttale, og Jon Solbergs Bygdabilly Band er ikkje historias kortast bandnamn, men EP-en som blei spela inn i kjellaren på ein låve på Gvarv ei helg i april 2003 blei utgjeven av trioen Jon Solbergs Bygdabilly Band (seinare skrive JSBB) med innleigd tangentmann Terje Meisingset. Halvor Halvorsen (trommeslagar i Big Bull Band) og Jo Henning Kåsin (gitarist i Come Taste The Band) var teknikarar under innspelinga, og Jons barndomsvenn frå musikkskulen i Bø, Sveinung Groven, dokumenterte hendinga på radio, NRK Telemarksendinga. Alle låtane på Ep-en som fekk namnet "Da eg og bestefar var små" blei spela inn live, utanom vokal og koring som blei lagt på i studioet til produsent Sven Ohrvik eit par månader seinare. Noko pålegg blei gjort: Jonny Simonnes’ munnspel og Jons slide-gitar på Bø te Lonne, og Jons banjo på Da eg og bestefar var små. Bandet spela inn 7 låtar, men bare 5 av dei kom med på ep-en. 2 låtar blei skvisa ut, og ein av dei var Fiskekunstnar’n. Jon var ikkje fornøgd med taket, og låta hadde ikkje riktig funne seg sjølv enda. Men songen om fiskeentusiasten Johs levde vidare i beste velgåande, og visa kom ut på plate vel to år seinare - på bandets fyrste album frå 2006 - Bygdabilly Band. Da alle opptaka på Gvarv var i boks, tok Jon med seg alt råmaterialet til svogeren sin på Konnerud, Sven Ohrvik. Jon la på all vokal og koring, og Jons søster, Veslemøy Solberg, song kor på Da eg og bestefar var små. Sven miksa og mastera alle låtane på ep-en som kom ut på plateselskapet Nordicae, 15. september 2003. Grillen i Bø var lenge hovudkonsertstad for JSBB. Det var derfor naturleg å legge releasekonserten i 2004 dit. Johnny Simonnes var med på munnspel, og meisen spela tangentar. Det blei selt mange cdar og stemninga var god. Repertoaret for kvelden var sjølvsagt henta frå nyplata, men bandet spela også andre eigenkomponerte låtar saman med coverlåtar frå rockabilly-verda. Etter denne helga reiste Jon tilbake til Kristiansand, der han budde på den tida. På mondagen reiste han på skulen for å lese til eksamen på lesesalen. På bordet framom sat ein kar og kikka i ei avis, men det såg ikkje ut til at han las stort. Jon la også merke til at han sendte kjappe blikk i alle retningar, litt på vakt, litt på utkikk. Etter to timar måtte Jon ta ein telefon. Han gjekk 5 meter vekk frå pulten sin, der lommebok og laptop låg til utstilling, og snudde for fyrste gong ryggen til karen med avisa. Telefonsamtalen tok 45 sekundar. Da Jon stega tilbake til pulten låg lommeboka åpen. Ein trengte ikkje vera Sherlock Holmes for å løyse detta mysteriet: Fyren med avisa hadde rappa alle pengane i lommeboka, og det var dessverre ikkje lommerusk, og ikkje kva pengar som helst. Alle pengane frå cd-salet på releasekonserten hadde nemleg ligge der og venta på å bli putta i banken. Etter den tid har ikkje Jon bruka lommebok. Nå puttar han bare pengane rett i lomma. På scenen rundt forbi I 2003, 2004 og 2005 spela JSBB mest som trio. Men det hendte Meisen var med på tangentar, og snart også trekkspel. Bandet spela rundt i Telemark med avstikkerar til Helgeland i Nordland, der Ken-Børre kjem ifrå. Dei varma opp for Hellbillies på Notodden i 2003, i 2004 reiste dei på ein vekes turné langs Helgelandskysten, og i 2005 spela dei før Åge Aleksandersen på Rootsfestivalen i Brønnøysund, for fyrste gong på Countryfestivalen i Seljord, på den da nystarta Kartfestivalen på Gvarv, og på Handelsstevnet i Skien. 2005 var også året da karane fekk seg sitt eige øvingsrom på Hørte, 10 min kjøring utanfor Bø. Betalinga var å spele på den sagnomsuste Hørtefesten ein gong i året. Øvingsrommet på Hørte disponerte Ni Liv heilt fram til jula 2009. Nå skal det gamle garderobehuset utanfor idrettsbanen bli ungdomsklubb. Pung ut og spel inn eit heilstøpt album! I 2004 var Jon ein tur på Spydeberg i Østfold for å spele litt banjo og mandolin på E-76s plate "Turing". Produsenten på Turing var mossingen Eivind Skovdahl. Så da Jon ein førjulsdag i 2004 spadde opp 100 lappar og hadde bestemt seg for å spele inn eit fullalbum, var det naturleg å ringe Skovdahl. Han var ein og produsent og teknikar, og ikkje minst hyggeleg kar med god teft for musikk. Eit par månader seinare reiste JSBB til Spydeberg med Eivind Skovdahl for å spele inn bandets fyrste heilstøpte album. Det var februar 2005. Trioen hadde med seg 15 songar, mest nye låtar, men også ein song frå EPen frå 2004, nemleg Bø te Lonne (på 7.20). Ei avstemming på bandets heimeside avgjorde den saka. Fiskekunstnar’n, som blei vraka frå EPen, fekk også gå ein ny runde i studio. I 2005 stod framleis bandet med det eine beinet solid planta i rockabilly-verda. I den verda skal mest mogleg vere live, rett inn, pang, krasj, slik som dei gjorde det i Sun Studio på Elvis’ tid! Ikkje for mykje pålegg og fiksfaks. Denne filosofien kom t.d. til uttrykk i låta Tupera Lugg som er spela rett inn på tapen (dvs på harddiscen) som trio, gitarsolo og alt, utan redigering i etterkant. Bare vokalen blei gjort på nytt. På andre låtar derimot, blei moderne (eller normale) innspelingsteknikkar tatt i bruk. Songen Lengtar heim te Evjo (og te deg) blei tatt heilt frå kvarandre og bygd opp på nytt, med bass, gitarar, mandolin, fele, piano og orgel. Jon måtte gå nokre rundar med seg sjølv for å forstå at dette var det beste for låta han hadde skrive. Da var det godt å få spela inn ein akustisk versjon av Hårr ska’ du gå? siste dagen i studio saman med trommeslagar Eivind. LIVE sjølvsagt! Soga om Soga om Ola På 11 dagar blei 15 låtar spela inn. Bare 11 kom med på plata. Ein av songane som røyk ut i siste runde var Soga om Ola. Det er ei vise om guten Ola som skaffar seg viktige interesser i livet, og som av den grunn aldri kjedar seg, men blir ein leiken gutt på 90. Soga om Ola er ein av dei låtane som har vanskeleg for å finne forma si. Bandet har spela han inn kvar gong dei har vore i studio, kvar gong med ny melodi og groove, og kvar gong har songen blitt vraka i siste sving. Men ein vårdag i 2009 skjedde det: ein femte melodi kom ruslande på vegen utanfor Jons hus. Jon tok imot på trammen og plutseleg var Soga om Ola i mål. Det gjer godt for ein låtsmed! Soga om Ola fekk livets rett på plata Hallingspark (2010). Historia held fram...

Utgivelser